Negativ temperatur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I fysikk kan visse system oppnå negative temperatur. Det vil seie at den termodynamiske temperaturen kan få negative verdiar. Negative temperaturar vert uttrykt som negative tal på kelvinskalaen.

Temperaturar som vert uttrykt med negative tal på dei vanlege Celsius- eller Fahrenheit-skalaene er rett og slett berre kaldare enn nullpunktet til desse skalaene. Eit system med verkeleg negativ temperatur er ikkje kaldare enn absolutt null, men eit system med ein negativ temperatur er varmare enn det same systemet med ein uendeleg høg temperatur.

Varme- og molekylær energifordeling[endre | endre wikiteksten]

Negative temperaturar kan berre eksistere i system der ein har avgrensa tal på energinivå. Når temperaturen aukar i eit slikt system flyttar partiklane seg mot høgare og høgare energinivå og når temperaturen vert uendeleg vert talet på partiklar i dei lågare energinivåa og dei høgare energinivåa lik. Dette er ein konsekvens av definisjonen på temperatur i statistisk mekanikk for system med avgrensa nivå. Ved å tilføre meir energi i desse systema på riktig måte, er det mogeleg å lage eit system der det finst fleire partiklar i dei høgare energinivåa enn dei lågare energinivåa. I ein slik situasjon kan ein ha negativ temperatur. Eit stoff med negativ temperatur er ikkje kaldare enn absolutt null, men heller varmare enn ein uendeleg høg temperatur. Kittel og Kroemer (s. 462) har skrive «Temperaturskalane frå kald til varm går frå 0 K, ... , +300 K, ... , +∞ K, −∞ K, ... , −300 K, ... , −0 K.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]