Nell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nell
RegiMichael Apted Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Jodie Foster Sjå dette på Wikidata
ManusWilliam Nicholson Sjå dette på Wikidata
MedverkandeJodie Foster, Liam Neeson, Natasha Marysiuk, Richard Libertini, Nick Searcy, Jeremy Davies, Robin Mullins, O'Neal Compton, Sean Bridgers, Joe Inscoe, Dana Stevens Sjå dette på Wikidata
MusikkMark Isham Sjå dette på Wikidata
KlippJim Clark Sjå dette på Wikidata
SjeffotografDante Spinotti Sjå dette på Wikidata
Distributør20th Century Fox Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1994
Lengd112 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk

Nell er ein amerikansk film frå 1994, regissert av Michael Apted for Twentieth Century Fox. Hovudrollene er spela av Jodie Foster, Liam Neeson og Natasha Richardson. Filmen er basert på skodespelet Idioglossia av forfattaren Mark Handley. Filmen produsert av Jodie Foster og Renee Missel, etter ein idé frå Foster. Filmen er ikkje tilrettelagd for norske kinoar.

Foster vann ein Screen Actors Guild-pris og publikumsprisen People's Choice for rolla si, og blei i tillegg nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle.[1][2] Ho blei også nominert til to Golden Globe-prisar for både rolleskildringa og produsentarbeidet.[3] Isham blei nominert til ein Golden Globe-pris for musikken sin.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Ei jente, Nell (Foster), har vakse opp einsam langt ute i skogen saman med mor si, som leid av at halve andletet hennar var lamma. Soleis har ikkje Nell lært å snakke «reint», men har utvikla eit eige språk, omtala som «nellisk». Når mora døyr, blir dei to psykologane Jerry og Paula (Neeson og Richardson), sende opp for å greie ut om Nell er skikka for eit sjølvstendig liv. Dei lyt samstundes freiste å tolke språket hennar, og finn ut at ho i røynda er skikka til å greie seg sjølv, sit inne med stor evne til omsut for andre, og mykje visdom. Dei to psykologane blir glade i Nell, og i kvarandre, men lyt sidan overtyde rettsvesenet i California om at Nell er frisk, og ikkje lid av nokre psykiske syndrom. Sistpå greier Nell å ta ordet sjølv, og talar si eiga sak, slik at ho får løyve til å bu på plassen sin i skogen. Det lokale samfunnet sluttar opp om ho, og Jerry og Paula vernar om ho saman med venene sine.

Initiativet til filmen kom frå Jodie Foster, og skodespelarparet Liam Neeson og Natasha Richardson vart òg gifte etter at filmen var ferdigstilt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]