Neper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Neper er ei måleining som vert nytta for å gje nivåskilnad mellom to amplitudar ved demping av harmoniske svingingar og bølgjer. Eininga har symbolet Np og er kalla opp etter John Napier.

Neper er gjeve som


L_{Np} = \ln\frac{x_1}{x_2} = \ln x_1 - \ln x_2. \,

der x_1 og x_2 er verdiane ein vil ha tak i, og ln er den naturlege logaritmen.

Demping per periode, gjeve i neper, vert kalla det logaritmiske dekrementet svingingane. Dempingskoeffisient blir gjeve i Np/s og svekkingskoeffisient eller attenuasjonskoeffisient blir gjeve i Np/m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Holtebekk, Trygve. (2009, 14. februar). Neper. I Store norske leksikon. Henta 15. november 2013 frå http://snl.no/neper.