Hopp til innhald

Neptunmånen Naiad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naiad
Naiad fotografert av Voyager 2
Oppdaging
Oppdaga avRichard J. Terrile, Voyager 2
Oppdagingsdato18. september 1989
Nemningar
Provisorisk nemningS/1989 N 6
Baneskildring
Satellitt avNeptun
Stor halvakse48 227 km
Eksentrisitet0,005
Baneperiode0,294 døger
Banehelling4,75°

Naiad er ein av månane til Neptun. Naiad går i bane nær Neptun og brukar 7 timar og 6 minutt på éin runde, og banen minskar støtt. Etter kvart vil Naiad truleg anten brytast opp i bitar og forma ein ny ring rundt Neptun eller falla ned i planeten.

Naiad vart oppdaga på bilete tekne av Voyager 2 i 1989, og var den siste neptunmånen som vart oppdaga på dette viset.