Neri Gulbransson Kolkinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Neri Gulbransson Kolkinn (30. november 184122. januar 1890) var ein lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Flesberg i Buskerud.

Kolkinn var son til ein husmann og handverkar. Sjølv var han lærar i sju år og ei tid tømmerhandlar for eit større firma. Frå 1883 var han gardbrukar på Lande i Flesberg, garden kjøpte han av svigerfaren. Han var ordførar i Flesberg 1884-87, og 1890. Også forlikskommissær og medlem av amtsutvalet.

Kolkinn vart vald til 1. representant for Buskeruds amtStortinget for perioden 1889-91. I 1889 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Han røysta i lag med Moderate Venstre. Vinteren 1890 døydde han på garden sin i Flesberg.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914