Nettby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nettby
URL www.nettby.no
Kommersielt Ja
Type Nettsamfunn
Språk Norsk (bokmål)
Registrering Ja
Eigarar Nettby Community AS
VG Multimedia AS
Utgjeve av Fredrik Kristiansen
Oppretta 14. september 2006
Nedlagt 19. desember 2010
Status Stengd

Nettby var eit norsk nettsamfunn drive av VG. Det var ein nettstad der brukarane kunne snakka med andre om felles interesser og skriva sine eigne nyhende og meiningar. Brukarane av Nettby blei kalla «borgarar», medan nokre brukarar med rett til å moderera samfunnet blei kalla «byvakter». For å bli brukar måtte ein ha eit eige mobiltelefonnummer.

Nettby opna 14. september 2006, og hadde våren 2007 over 300 000 registrerte profilar.[1] Ein av dei som stod bak nettstaden, Fredrik Kristiansen, var også gründeren av Dagbladet-nettstaden Blink før han slutta i 2006 for å starta Nettby.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 335 438 «borgere» 22:03, 21 mai 2007 (CEST) i følgje http://www.nettby.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]