Netthinnetåka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hubble-bilete av Netthinnetåka.

Netthinnetåka eller Retinatåka (katalogisert IC 4406) er ei planetarisk tåka som ligg rundt 1900 lysår unna jorda i stjernebiletet Ulven. Som mange planetariske tåker framviser Netthinnetåka ei symetrisk form. Frå jorda ser ein Netthinnetåka ifrå sida og ho verkar flat, men tåka har eigentleg form som ein smultring.[1]

I tåka finst det mørke trådar av kjølig, nøytral gass. Desse sender ikkje ut stråling sjølv i form av synleg lys, men kan sjåast i silhuett av di dei er 1000 gongar tettare enn gassen i resten av tåka.[1] Trådane har ei breidd på 160 AE eller 160 gongar avstanden mellom sola og jorda. Det er ukjend om dei etter kvart vil gå i oppløysing eller om dei vil overleva stjernedøden.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «The Retina Nebula: Dying Star IC 4406» - billetteksten til Hubble-biletet på éi av dei to offisielle heimesidene til teleskopet.