Hopp til innhald

Neubrandenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neubrandenburg
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Mecklenburg-Vorpommern
Region Ingen
Landkreis Kreisfri by
Høgd 20 m
Areal 86,11 km²
Folketal 64 390 (31. desember 2023)
Grunnlagd 1248
Postnummer 17033, 17034, 17036
Retningsnummer 0395
Bilnummer NB
Kart
Neubrandenburg
53°33′25″N 13°15′39″E / 53.556944444444°N 13.260833333333°E / 53.556944444444; 13.260833333333
Wikimedia Commons: Neubrandenburg

Neubrandenburg er ein by i Tyskland i delstaten Mecklenburg-Vorpommern med om lag 70 000 innbyggjarar. Byen ligg søraust i delstaten ved innsjøen Tollensesee.

Dei første innbyggjarane på staden var premonstratenmunkar i eit kloster ved breidda av innsjøen (om lag 1240). Sjølve byen Neubrandenburg vart grunnlagd i 1248 då markgreven av Brandenburg valde å byggje ein by i dei nordlege delane av lenet sitt. I 1292 vart byen og det omliggande området ein del av Mecklenburg.

Bymuren i Neubrandenburg.
Foto: Axel Brocke

Byen blømde som eit handelssentrum fram til trettiårskrigen (1618–1648). Den svenske hæren til Gustav Adolf omleira og tok byen, som vart teke tilbake av den katolske ligaen i 1631. Det finst mange rapportar som seier at dei katolske styrkane tok livet av mange svenske og skotske soldatar etter dei overgav seg. Seinare, i følgje den skotske lykkeriddaren Robert Munro, skal svenskane ha gjort det same då dei utan nåde tok livet av overlevande med ropet «Neubrandenburg!». Byen spelte derfor ei rolle i å brutalisere ein av historia sine allereie mest brutale krigar.

Under den andre verdskrigen låg det ein stor krigsfangeleir kalla Stalag II-A nær byen. I 1945, få dagar før slutten av krigen, øydela ein storbrann 80 % av gamlebyen. Sidan den gong har dei fleste viktige historiske bygningane vorte bygd opp att.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Neubrandenburg