Gustav II Adolf av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gustav II Adolf
Gustavus2adolphus.jpg
Konge av Sverige
Regjeringstid30. oktober 1611-6. november 1632
Fødd9. desemberjul./ 19. desember 1594greg.
FødestadStockholm
Død6. novemberjul./ 16. november 1632greg. (37 år)
DødsstadLützen i Tyskland
GravlagdRiddarholmskyrkan i Stockholm
FøregjengarKarl IX av Sverige
EtterfølgjarKristina av Sverige
Gift medMaria Eleonora av Brandenburg
KongehusFyrstehuset Vasa
MottoGloria Altissimo Suorum Refugio

("Lovad vare den Högste, de sinas tillflykt")
Cum Deo et victribus armis

(«Med Gud och segrande vapen»)
FarKarl IX av Sverige
MorKristina av Holstein-Gottorp
BornKristina av Sverige

Gustav II Adolf (9. desemberjul./ 19. desember 1594greg.–6. novemberjul./ 16. november 1632greg.) var konge av Sverige. Han vart fødd i Stockholm som son av kong Karl IX av Sverige og Kristina av Holstein-Gottorp. Andre namnevariantar er Gustaf II Adolf, Gustaf II Adolph, lat. Gustavus Adolphus, Gustav Adolf den store. Tilnamn Lejonet från Norden. Han var regent av Sverige 1611-32.

Barn med Maria Eleonora av Brandenburg (gift 1620):

Barn med elskarinna Margareta Slots:

Krigarkongen[endre | endre wikiteksten]

Gustav II Adolf i slaget ved Breitenfeld den 7. september 1631

Gustav II Adolf er kjend for å ha kjempa i Trettiårskrigen. Han er rekna som den fremste svenske krigarkongen ved sidan av kong Karl XII av Sverige. Trettiårskrigen er rekna å ha vart mellom 1618 og 1648, og fann for det meste stad på området til det tysk-romerske riket, sentralt i Europa.

  • I mai 1630 steig Gustav i land med hæren sin i Pommern. Den 6. juli gjekk han inn i Tyskland.
  • I slaget ved Breitenfeld i september 1631, sigra Gustav over katolske styrkar leia av Tilly, sjølv etter at den allierte protestantiske Saxiske hæren var flykta.
  • I slaget ved Lech i mars 1632, sigra Gustav over Tilly ei gong til. I slaget vart Tilly dødeleg såra.
  • I april 1632 stod slaget ved Rain.
  • I april 1632 la den svenske hæren München under seg.
  • I september 1632 gjekk Gustav til åtak på festninga Alte Feste. Wallenstein kommanderte forsvararane og åtaket vart slege attende. Nokre leigesoldatar i den protestantiske hæren deserterte.
  • I november 1632 i slaget ved Lützen, Gustav vart drepen, men svenskane vann over Wallenstein. Den svenske krigsinnsatsen vart vidareført av generalane Horn, Banér, Torstensson og kanslar Oxenstierna fram til freden i Westfalen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Findeisen, Jörg-Peter (1996): Gustav II. Adolf von Schweden: der Eroberer aus dem Norden, ISBN 3-222-12425-6
  • Junkelmann, Marcus (1993): Gustav Adolf (1594-1632). Schwedens Aufstieg zur Grossmacht, ISBN 3-7917-1397-3