Neustadt an der Weinstraße
| Neustadt an der Weinstraße | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Rheinland-Pfalz | ||
| Landkreis | Kreisfri by | ||
| Høgd | 136 m | ||
| Areal | 117,09 km² | ||
| Folketal | 53 920 (31. desember 2023)[1] | ||
| Postnummer | 67433–67435 | ||
| Retningsnummer | 06321, 06327 | ||
| Bilnummer | NW | ||
![]() Neustadt an der Weinstraße 49°21′13″N 8°08′10″E / 49.353621°N 8.13607°E | |||
| Wikimedia Commons: Neustadt an der Weinstraße | |||
Neustadt an der Weinstraße er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 55 000 innbyggjarar. Elva Speyerbach renn gjennom byen, medan elva Rehbach har sitt utspring her. Byen er sannsynlegvis den største byen med namn Neustadt, som er eit mykje brukt stadnamn i Tyskland og Austerrike. Namnet tyder «Ny by». Neustadt ligg mindre enn ein times køyretur frå større byar som Mannheim, Ludwigshafen am Rhein, Heidelberg og Frankfurt.
Byen er ein vakker, gamal by med ein markedsplass omringa av gamle bindingsverkshus. Neustadt er ein av dei varmaste byane i Tyskland og sommartemperaturar rundt 30–35 °C er vanleg. Hovudnæringane til Neustadt er turisme og vin, som i resten av Pfalz.
Weinstraße som er nemnd i namnet tyder «vinvegen». Fleire byar ligg langs denne vegen der det vart halde årlege vinfestivalar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024
- Denne artikkelen bygger på «Neustadt an der Weinstraße» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2007.

