Neustadt an der Weinstraße
Neustadt an der Weinstraße | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Rheinland-Pfalz Ingen Kreisfri by |
Geografi | |
Flatevidd - By |
117,10 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
53 655 458/km² |
Koordinatar | 49°21′0″N 8°9′0″E / 49.35000°N 8.15000°E |
Høgd over havet | 136 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 67433-67435 |
Telefon-retningsnummer | 06321, 06327 |
Bilnummer | NW |
Heimeside: www.neustadt-weinstrasse.de |
Neustadt an der Weinstraße er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 55 000 innbyggjarar. Elva Speyerbach renn gjennom byen, medan elva Rehbach har sitt utspring her. Byen er sannsynlegvis den største byen med namn Neustadt, som er eit mykje brukt stadnamn i Tyskland og Austerrike. Namnet tyder «Ny by». Neustadt ligg mindre enn ein times køyretur frå større byar som Mannheim, Ludwigshafen am Rhein, Heidelberg og Frankfurt.
Byen er ein vakker, gamal by med ein markedsplass omringa av gamle bindingsverkshus. Neustadt er ein av dei varmaste byane i Tyskland og sommartemperaturar rundt 30-35 °C er vanleg. Hovudnæringane til Neustadt er turisme og vin, som i resten av Pfalz.
Weinstraße som er nemnd i namnet tyder «vinvegen». Fleire byar ligg langs denne vegen der det vart halde årlege vinfestivalar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Neustadt an der Weinstraße frå Engelsk Wikipedia .