Neville Southall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Neville Southall
NevilleSouthall.jpg
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 16. september 1958
Llandudno
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, sjølvbiograf, fotballtrenar

Neville Southall (fødd 16. september 1958) er ein walisisk tidlegare fotballspelar frå Llandudno i Wales. Målvakta er kjend for sine 17 sesongar i Everton FC, der han var med om å vinne ligapokalar, FA-cuppokalar og cupvinnarcupen 1985.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Southall spelte 1980/81-sesongen på fjerdedivisjonsklubben Bury. Mot £150 000 vart han sommaren 1981 overført til topplaget Everton. Fyrst hausten 1983 vart han eit opplagt fyrsteval på målvaktsplassen i klubben. Dei neste åra var han ein solid sisteskanse for ein klubb som sanka fleire store meistertitlar. I 1984 var Southall med på å vinne FA-cupen, og våren etter vart han ligameister, få dagar etter stod han i målet då Everton i Rotterdam slo Rapid Wien 3-1 i finalen i cupvinnarcupen. Same året vart han kåra til årets spelar av dei engelsk sportsjournalistane. I 1987 vart Southall ligameister for andre gong. Deretter gjekk Everton sine år som storlag over. Southall vart likevel verande i klubben, og kunne i 1995 gledje som over å vinne FA-cupen med finalesiger 1-0 over Manchester United. Han var fyrstemålvakt i Everton til 1997. I 1998 forlet han Everton med klubbrekord i talet på ligakampar, 578. Sidan vakta han målet til Torquay United på nivå fire i to sesongar til sommaren 2000. Gjennom åra vikarierte Southall i seks klubbar, med andrenivålaget Stoke City som den mest kjende av desse klubbane.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Southall spelte 92 landskampar for Wales i tida 1982-97, kaptein i 5 kampar åra 1989-91. Han deltok aldri i ein stor internasjonal meisterskap.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1985 med Everton FC
  • Engelsk ligameister: 1985 og 1987 med Everton FC
  • Engelsk cupmeister: 1984 og 1995 med Everton FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]