Newbiggin i Teesdale
| Newbiggin | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | County Durham | ||
| Folketal | 130 (2021)[1] | ||
![]() Newbiggin i Teesdale 54°38′35″N 2°08′06″W / 54.643°N 2.135°W | |||
| Wikimedia Commons: Newbiggin in Teesdale | |||
Newbiggin er ein landsby og eit civil parish (tilsvarande kommune) i County Durham i England. Folketalet ved folketeljinga i 2011 var 146.[2] Landsbyen ligg på nordsida av Teesdale, med Holwick på andre sida. Ei tilflytting av blygruvearbeidarar frå Derbyshire til området på slutten av 1700-talet kan ha ført namnet hit frå Biggin. Byen ligg i North Pennines Area of Outstanding Natural Beauty (AONB).[3]
Landsbyen ligg ved elva Tees over High Force, eit av dei mest imponerande fossefalla i England. Den vesle bygda Bowlees ligg i nærleiken.
Det blei bygd eit metodistkapell i Newbiggin i 1760 på land kjøpt av tre av dei omreisande predikantane til John Wesley og fire lokale gruvearbeidarar.[4] I mange år blei det sagt at det var eit av dei eldste metodistkapella i kontinuerleg bruk. Det er no ein verna bygning som er gjort om til feriebustad under namnet Newbiggin Chapel.[5]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Newbiggin Chapel.
- Newbiggin i snø.
- Vegen mot Newbiggin.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- ↑ «Parish population 2011». Henta 7 July 2015.
- ↑ «North Pennines AONB».
- ↑ «Newbiggin Chapel», National Churches Trust (på engelsk), henta 28. november 2023
- ↑ «Newbiggin Chapel», Sykes Cottages (på engelsk), henta 28. november 2023
- Denne artikkelen bygger på «Newbiggin, Teesdale» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2023.
