Ngawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ngawas plassering i Sichuan

Ngawa (forenkla kinesisk: 阿坝; tradisjonell kinesisk: 阿壩; pinyin: Ābà) er eit autonomt prefektur for tibetanarane og qiangane, som ligg nord i den kinesiske provinsen Sichuan og er delvis i den austtibetanske kulturregionen Amdo, delvis i regionen Gyarong som mange forskarar reknar til Kham. Ngawa har eit areal på 83 201 km². Folketalet var i 2000 på 847 468.

Det autonome prefekturet Ngawa omfattar 13 fylke (县 xiàn).

Etnisk samansetning[endre | endre wikiteksten]

Folkegruppe innbyggarar andel
Tibetanarar 455.238 53,72%
Han 209.270 24,69%
Qiang 154.905 18,28%
Hui-kinesarar 26.353 3,11%
Mandsjuar 373 0,04%
Miao 266 0,03%
Yi 205 0,02%
Mongolar 202 0,02%
Tujia 182 0,02%
Bai 101 0,01%
Zhuang 95 0,01%
Andre 278 0,03%

I mai 2008 vart området hardt ramma av jordskjelv; episenteret var i fylket Wenchuan, sør i prefekturet.