Ngorongorokrateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ngorongoro-krateret (2 200 moh.) er ein kaldera, eit stort vulkankrater, i Tanzania. Det vert òg kalla «verdas åttande under» og trekk til seg titusenar av turistar frå heile verda kvart år. Krateret inngår i Ngorongoro naturvernområde. Det høyrer til ein utdøydd vulkan som vart fylla av smelta lava då vulkanen hadde det siste utbrotet sitt for omkring 2,5 millionar år sidan. Toppen kollapsa og krateret sto tilbake. Sjølve krateret dekker eit areal på ca 264 km² og er omkring 16-20 km breitt og 610-760 meter djupt.

Det er det største fullstendige og ikkje oversymde vulkankrateret i verda. Kalderaen utgjer 3 % av nasjonalparken som er tilhaldsstad for dei fleste kjende afrikanske pattedyr og grenser direkte mot Serengeti nasjonalpark i nordvest.

I krateret, som yrer av fuglar og krypdyr, lever det ca 25 000 større pattedyr.

Ngorongoro-krateret.
Foto: Thomas Huston

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Askheim, Svein. (27. januar 2010). Ngorongorokrateret. I Store norske leksikon. Henta 3. februar 2014.