Niamh Kavanagh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Niamh Kavanagh
Niamh Kavanagh in Oslo 2010.jpg
Fødd13. februar 1968 (53 år)
FødestadFinglas
OpphavIrland
Aktiv1990–
Sjangerpop
Instrumentsaksofon, vokal
PlateselskapArista Records
Verka somsongar, musikar

Niamh Kavanagh (fødd 13. februar 1968) er ein irsk songar som vart kjend i Europa då ho vann Eurovision Song Contest i 1993 med songen «In Your Eyes», som var skriven og komponert av Jimmy Walsh.[1] Dette var den femte sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og «In Your Eyes» vart den mestseljande songen i Irland det året. Den oppnådde òg ein 24.-plass på dei britiske hitlistene.[2]

Tidlegare hadde Kavanagh opptredd som vokalist og korist på lydsporet til filmen The Commitments med songar som «Destination Anywhere» og «Do Right Woman, Do Right Man».

Kavanagh deltok òg på det irske talkshowet The Late Late Show sin Eurovision-spesial saman med Linda Martin og andre tidlegare irske deltakarar i tevlinga. Ho las òg opp dei irske poenga under Eurovision Song Contest 2008. I 2010 representerte Kavanagh igjen Irland i Eurovision Song Contest, denne gongen med songen «It’s for You».[1] Denne kom på 23.-plass i finalen.

Kavanagh er busett i Carrickfergus i County Antrim, saman med ektemannen Paul Megahey og to søner.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Niamh Kavanagh - It's For You (Ireland 2010)». Eurovision.tv. Arkivert frå originalen 24. mai 2015. Henta 9. mai 2015. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 297. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. O'Hara, Victoria; Poole, Amanda (29 May 2010). «Ireland expects as Niamh goes for Eurovision glory». The Belfast Telegraph (Independent News & Media). Henta 29. mai 2010.