Niccolò Fontana Tartaglia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Niccolò Fontana Tartaglia
Niccolò Tartaglia.jpg
FøddNiccolò Fontana
1499
Brescia
Død13. desember 1557
Venezia
NasjonalitetRepublikken Venezia
Områdematematikk
Yrkematematikar, ingeniør

Niccolò Fontana Tartaglia (fødd 1499 i Brescia, død 13. desember 1557 i Venezia) var ein italiensk matematikar, ingeniør, landmåler og bokhaldar. Han publiserte mange bøker, inkludert dei første italienske omsetjingane av Arkimedes og Euklid. Tartaglia var den første som brukte matematikk til å studere banane til kanonkuler, og arbeida hans vart seinare stadfesta av studiet til Galileo av lekamar i fritt fall.

General trattato de' numeri et misure, 1556

Tartaglia fann løysinga av den generelle tredjegradslikninga og meddelte han etter oppmoding frå Girolamo Cardano. Då Cardano offentleggjorde løysinga, oppstod ein kraftig strid med offentlege disputasar og smedeskriftar.

Tartaglia var ein dugande matematikar og ingeniør og skreiv om ballistikk, festningsanlegg og bruken av dykkarklokker. Av verka hans finst Nova Scientia (1537), General trattato di numeri et misure (1556) og omsetjingane hans av Euklid og Arkimedes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]