Nicholas Aylward Vigors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicholas Aylward Vigors
Fødd1785
County Carlow
Død26. oktober 1840
London
NasjonalitetKongeriket Irland, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Områdezoologi
Yrkeornitolog, politikar, zoolog
Alma materTrinity College
MedlemRoyal Society
Linnean Society of London
Zoological Society of London
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Nicholas Aylward Vigors (178526. oktober 1840) var ein irsk ornitolog og politikar. Vigors skildra og klassifiserte 110 artar i livet sitt, og med det er han blant dei 32 autorane som har skildra flest fuglar gjennom tidene.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Vigors var fødd i Old Leighlin i County Carlow som son av kaptein Nicholas Aylward Vigors, som tente i 29th (Worcestershire) Regiment, og den fyrste kona hans Catherine Vigors, som var dotter av Solomon Richards frå Solsborough.

Utdanning og yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Han blei student ved Trinity College ved universitetet i Oxford i 1883, og blei så medlem av Lincoln's Inn i november 1806. Før han hadde fullført studia gjekk han med som soldat i Den spanske sjølvstendekrigen frå 1809 til 1811, og blei såra i slaget ved Barossa 5. mars 1811.[1] Han vende seinare tilbake til Oxford der han blei Bachelor of Arts i 1817 og Master of Arts i 1818. Han verka som skrankeadvokat, og blei Doctor of Civil Law i 1832.[2]

Zoologi[endre | endre wikiteksten]

Måleri av ein tukan av Vigors frå 1831.

Vigors var med på å skipa Zoological Society of London i 1826, og var den fyrste sekretæren for selskapet fram til 1833. Dette året skipa han det som skulle bli Royal Entomological Society of London. Han var medlem av Linnean Society og Royal Society. Vigors var også redaktør for Zoological Journal mellom 1827 og 1834.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Vigors arva faren sin landeigedom i 1828. Han var parlamentsmedlem for Carlow frå 1832 til 1835. Ei kort tid i 1835 var han representant for County Carlow og så frå 1837 til han døydde.

Plakett til Vigors i Leighlinbridge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Long, Patrick (oktober 2009). «Vigors, Nicholas Aylward». www.dib.ie. Henta 7. februar 2022. 
  2. Kavanagh, P. J. «Nicholas Aylward Vigors M.P. 1786-1840». www.igp-web.com. Henta 7. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]