Nicholas Murray Butler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicholas Murray Butler

Fødd2. april 1862
Elizabeth
Død7. desember 1947
Manhattan
NasjonalitetUSA
Yrkefilosof, politikar, universitetslærar, diplomat, lærar, skribent
InstitusjonarJohns Hopkins University
Columbia University
Alma materColumbia University
BarnSarah Butler
MedlemDet ungarske vitskapsakademiet
American Philosophical Society
American Academy of Arts and Letters

Nicholas Murray Butler (fødd 2. april 1862 Elizabeth i New Jersey i USA, død 7. desember 1947 New York) var ein amerikansk politikar og akademikar. Han var rektor ved Columbia University i 43 år til han trekte seg tilbake 83 år gammal. I hans tid vart Columbia eit verdsleiande universitet.[1] Butler var visepresidentkandidat ved presidentvalet i USA i 1912 (saman med William Howard Taft).[2]

Han prøvde å verta nominert til republikanarane sin presidentkandidat i 1920 og 1928, utan suksess. Butler var professor (dosent) i filosofi ved Columbia frå 1889.[3][4]

Han vart tildelt Nobels fredspris saman med Jane Addams i 1931. Butler fekk prisen for «Hoover-moratoriet» - betalingsutsetting for Tyskland si krigsgjeld.[5] Han arbeida for nedrusting, ein verdsdomstol og støtta Folkeforbundet.[2] Butler vitja Berlin våren 1933 etter Hitler hadde teke over makta og vart sjokkert over det han opplevde. Tilbake i New York heldt han ein pressekonferanse på kaien, og uttrykte bekymring for tilhøva i Tyskland. Han trekte tilbake Carnegies finansiering av professorat i Berlin og tilbaud i staden Hajo Holborn eit treårig stipend på det universitetet han måtte ynskja.[6]

Me amerikanarar føler oss i dag sterkt bundne til Noreg og det norske folket. Nordmennene er eit lovlydig, fredselskande folk, som har ytt store bidrag til vår kultur og sivilisasjon, eit folk fritt for militære og politiske ambisjonar, eit folk som har arbeida for internasjonal forståing mellom nasjonane, blant anna ved utdelinga av Nobels fredspris. Det var eit sjokk for oss amerikanarar da Noreg blei overfalt utan varsel grunna ein overmektig fiende. Overfallet var eit ledd i ein nøye førebudd plan om å invadera det eine frie landet etter det andre i Europa, og undertrykka dei med brutal makt.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, Sam (26. juni 2015), «Sam Roberts on Books on New York Topics From the 1870s to the 1930s», The New York Times (på engelsk), ISSN 0362-4331, henta 5. juni 2017 
  2. 2,0 2,1 Nicholas Murray Butler – Store norske leksikon (på norsk). Henta 5. juni 2017. 
  3. Norsk allkunnebok. Fonna. 1949. 
  4. Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Kunnskapsforl. 1978. ISBN 8257302449. 
  5. Århundrets krønike. Cappelen. 1988. ISBN 8202091683. 
  6. Padilla, Arthur (2005). Portraits in Leadership: Six Extraordinary University Presidents. American Council on Education/Praeger. ISBN 0-275-98490-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]