Folkeforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Folkeforbundet (engelsk League of Nations, fransk société des Nations, tysk Völkerbund) var ein internasjonal organisasjon som vart skipa den 25. januar 1919fredskonferansen i Paris i 1919. Grunnlaget var del I av Versailles-traktaten etter første verdskrig. Tanken bak Folkeforbundet var å fremja militær avspenning og nedrusting. Fleire krigar skulle ein kunna unngå ved å ordna opp i usemje mellom ulike land. Målsetjinga var i alle høve å unngå ein ny verdskrig, av typen som nett hadde vore. Forbundet lukkast ikkje i å hindra andre verdskrig, men klarde å handtera nokre mindre konfliktar på 1920-talet. Folkeforbundet heldt sitt første møte den 10. januar 1920 og ratifiserte samtidig Versailles-traktaten. Slik var det ein offisiell slutt på første verdskrig. Den første generalforsamlinga vart skipa til i Genève den 15. november 1920. Forbundet oppløyste seg sjølv formelt den 18. april 1946. Arbeidet til Folkeforbundet vart ført vidare av dei sameinte nasjonane. Planen om å skipa eit folkeforbund var ein del av fleire framlegg frå presidenten i USA, Woodrow Wilson. Trass i dette gjekk ikkje USA med i Folkeforbundet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]