Nicolás Mezquida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nicolás Mezquida
Personleg informasjon
Fullt namn Gabriel Nicolás Mezquida Sero
Fødd 21. januar 1992
Fødestad Paysandú i Uruguay
Høgd 172 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Peñarol
Nummer 23
Ungdomsklubbar
2006-08 Uruguay Peñarol
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2008-
2011
Uruguay Peñarol
Noreg Brann (lån)
3 (1)
3 (0) [1]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. juni 2011

Gabriel Nicolás Mezquida Sero (fødd 21. januar 1992 i Paysandú) er ein uruguayansk fotballspelar, som i 2011 spelte i angrep for Peñarol i toppdivisjonen i Uruguay. Vårsesongen 2011 var han på lån hjå Brann i den norske eliteserien.

Mezquida begynte karrieren sin i Peñarol, der han vart teken opp på førstelaget i 2008-sesongen.[2] 22. januar 2009 skreiv han under på ein intensjonsavtale med den tyske klubben Schalke 04,[3] men heldt fram å spela for Peñarol.[4] Mezquida har vore på prøvespel hjå Schalke.[5] Før 2011-sesongen gjekk han på lån til Brann i Noreg. Låneavtalen varte til 1. august 2011.[6] Han debuterte i Tippeligaen for Brann som innbytar i opningskampen i 2011-sesongen, heime mot Rosenborg 20. mars 2011. I juni 2011 sa Brann-trenaren, Rune Skarsfjord, seg svært nøgd med Mezquida, sjølv om han vart hemma i vårsesongen av ein skade som sette han ut av spel i mai og starten på juni.[7] Då låneavtalen gjekk ut, vende Mezquida likevel attende til heimlandet. Skarsfjord sa då at avgjerda vart teken av sportslege grunnar.[8] Mezquida fekk ingen tippeligakampar frå start for Brann, men kom inn som innbytar tre gonger, og skåra dessutan to mål i ein cupkamp mot Tertnes.

Mezquida har spelt landskampar for Uruguay på U-15- og U-17-nivå.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. Nicolás Mezquida at noticiasmanyas.com
  3. Schalke Sign Striker Nicolás Mezquida
  4. en&u=http://www.espectador.com.uy/1v4_contenido.php%3Fid%3D142100%26sts%3D1&prev=/language_tools&usg=ALkJrhg4aRqINKfqS312nFrRYWUb26X2eA Juvenil de Peñarol al Schalke 04
  5. Neuer fehlt am Dienstag, neuer Gastspieler aus Uruguay stellt sich vor
  6. Brann sine nettsider, henta 19. mars 2011
  7. «Juninho reiste hjem til Brasil» i Bergens Tidende 15. juni 2011.
  8. «Mezquida sendes hjem» i BT 13. juli 2011