Niklas Jonsson
Utsjånad
Niklas Jonsson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 31. mai 1969 (55 år) Piteå |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999 |
Niklas Jonsson (fødd 31. mai 1969) frå Piteå er ein svensk tidlegare langrennsløpar. Han tok sølvmedaljen på 50 km under OL 1998 i Nagano, etter sekundstrid med olympiameisteren, Bjørn Dæhlie frå Noreg.
Jonssons beste VM-resultat var fjerdeplassen på femmila under VM 1999. Han gjekk aldri til topp i noko renn verdenscupen, men tok fire tredjeplassar i sesongane frå 1993 til 1999.
Jonsson vart svensk meister ved to høve, fyrst i 1993 då han vann 15 km og den siste i 1996 då han sigra på femmila. Han tevla for Pietå SGIF.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Niklas Jonsson» frå Wikipedia på svensk, den 17. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Niklas Jonsson – Profil og resultatoversikt hos FIS
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1969
- Svenske langrennsløparar
- Olympiske medaljevinnarar i langrenn
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1992
- Langrennsløparar under vinter-OL 1992
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1994
- Langrennsløparar under vinter-OL 1994
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1998
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1998
- Langrennsløparar under vinter-OL 1998
- Svenske deltakarar under vinter-OL 2002
- Langrennsløparar under vinter-OL 2002