Niklaus Manuel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett
Dommen over Paris, ca 1520

Niklaus Manuel, også kalla Niklaus Deutsch, var ein poet, kunstmålar, grafikar, reformator og politikar. Han var fødd i Bern, truleg i 1484, og døydde same staden, 28. april 1530. Han vert rekna som stamfar til adelsætta Manuel.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ein veit inkje om Niklaus Manuel før året 1509. Truleg var han son til ein farmasøyt i Bern. I 1509 gifta han seg med Catherine Frisching, dotter av ein tidlegare provinsguvernør av Erlach, Aarburg, Echallens og Nidau.

Frå 1510 var Niklaus Manuel medlem av storrådet i Bern. Rekneskapar for byen Bern viser at han i 1513 fekk fleire oppdrag som målar. I 1516 tok han teneste som sekretær for krigsherren Albrecht von Stein. Denne førte ein hær av leigesoldatar som under felttoget mot Milan deltok i krigen på fransk side.

Kring 1516-17 byrja Manuel å måle på sitt berømte Dødsdans på veggen til dominikanarklosteret i Bern. Dette vart etterfølgd av ei rekke andre arbeid. År 1518 laga han ein serie tresnitt, kalla Den kloke og den uforstandige jomfrua. Dei siste kjende måleria laga han i 1520. I dei følgjande åra vigde han seg til litterære verk.

Frå 1520 var Manuel ein politisk-militær leiar i Gerwen. Han arbeidde kraftfullt for å få reformasjonen gjennomført i Bern. Hans drastiske anti-katolske karnevalspel vann gjenklang i befolkninga og skal ha hatt større verknad for reformasjonen i Bern, enn preikene til reformatoren Berchtold Haller. Niklaus Manuel var ein av dei leiande menn av reformasjonen i Bern, og reiste i den eigenskapen til mange sveitsiske byar og tala reformatorane si sak.

År 1522 hyrte Niklaus Manuel seg nok ein gong som feltskrivar for Albrecht von Stein. Han deltok då i eit felttog inn i Lombardia. Ved Novara vart han såra i ei hand. Seinare tok han del i slaget ved Bicocca. I 1523 vart han guvernør over Erlach, Echallens og Nidau. År 1526 var han ein kort periode utsending til landdagen i Baden. Frå april 1528 vert han første gong nemnd som medlem av byrådet i Bern. Dette embetet hadde han til han døydde.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

I sine drama sameina Manuel det kristne, åndelege dramaet med element frå karnevalspelet, og skapte aktuelle og livsnære stykke med høg kunstnarisk kvalitet.

Som målar og grafikar var han påverka av den italienske renessansen og Albrecht Dürer. I Sveits var han saman med Hans Holbein den fremste eksponenten for renessansemåleriet. Han laga design for gullsmedarbeid, altartavler, portrett og andre måleri. Bileta var prega av sterke fargar og lineær rørsle, og inneheldt i hovudsak mytologiske eller bibelske scener. Som glasmålar var han påverka av Hans Baldung. Det mest kjende av verka hans var det såkalla Berner Totentanz (Dødsdans), måla på den meir enn hundre meter lange sørveggen på kyrkjegarden til dominikanarklosteret i byen. Verket vart øydelagt då veggen vart riven i 1660.

Han arbeidde også som arkitekt, og hadde ansvaret for bygginga av kvelven i koret på Bernkatedralen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Niklaus Manuel