Nikolai Schei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolai Schei
Fødd 9. mai 1901
Førde, Førde i Sunnfjord
Død

25. mai 1985

Yrke embetsmann

Nicolai Schei (9. mai 190125. mai 1985) var ein norsk jurist og embetsmann frå Førde i Sunnfjord. Frå 1945 til 1971 var han fylkesmann i Sogn og Fjordane, og han er blant anna kjend for arbeidet med å revidere kommunegrensene i Noreg.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til Nikolai Schei var lensmann Per Schei (1872–1960) og Johanne Schei (1874–1963). Han gifta seg med med Othilia Helberg Christensen, dotter av fylkesmann Ingolf Elster Christensen og Else Marie Helberg. Bror til Nikolai Schei var Andreas Schei.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Nikolai Schei vart uteksaminert frå Bergen Handelsgymnasium i 1919, tok examen artium som privatist 1925 og vart cand.jur. i 1928.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Nikolai Schei jobba som lensmannsbetjent hjå faren og kontorbetjent ved Bergen skifterett fram til han fullførte examen artium. Ved sidan av studier i jus jobba han som arkivarassistent i Justisdepartementet. Etter dette jobba Nikolai Schei som dommarfullmektig hjå sorenskrivaren i Sunnfjord, fylkesfullmektig i Møre og Romsdal (1929–31) og i Oslo og Akershus fylke (1931–34), som sekretær i Akershus fylkesskattestyre, inspektør i det nyoppreta Riksgjeldsmeklingsinstituttet (1934-39), og sjef for Provianterings- og rasjoneringsdirektoratet i det nyoppretta Forsyningsdepartementet (1939-1945).

Då Noreg i 1945 igjen vart fritt etter 2. verdskrig vart Schei fyrst rådmann for Forsynings- og gjenreisingsdepartementet før han i september 1945 vart utnemnd til fylkesmann i Sogn og Fjordane. Denne stillinga hadde Nikolai Schei til ha pensjonerte seg i 1971.

Schei-komiteen[endre | endre wikiteksten]

Nikolai Schei vart i 1946 formann i Kommuneinndelingskomiteen av 1946, betre kjend som Schei-komiteen. I perioden 1946 til 1962 publiserte komiteen ein rapport på 18 band. Innstillingane frå komiteen la blant anna grunnlaget for ei stortilt kommunesamanslåing. Talet på kommunar i Noreg vart redusert frå 747 (1930) til 454 (1967).

Verv og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Nikolai Schei var med i Dansk–norsk samarbeidsfond 1945–54, styret i Direktoratet for fiendtlig eiendom, styret for A/S Årdal Verk, rådet for Nansenskolen og Norges industriforbunds meglingsutvalg, samt utvalet for funksjons- og skatteutjevningsspørsmål 1969–75.

Nikolai Schei var kommandør med stjerne av St. Olavs Orden, kommandør av 1. klasse av den danske Dannebrogordenen og av den svenske Nordstjärneordenen og fekk storkors av den islandske Falkeordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]