Nikolaj Krjukov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Krjukov


Statsborgarskap Russland
Fødd 11. november 1978 (45 år)
Voronezj
Idrett turn
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Nikolaj Vjatsjeslavovitsj Krjukov (fødd 11. november 1978) er ein russisk tidlegare turnar frå Voronezj. Han vart verdsmeister 1999 i mangekamp og vann olympisk gullmedalje 1996 i lagtevlinga for Russland.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Frå 1996 til 2008 deltok Krjukov i ei rad olympiske sommarleikar og verds- og europameisterskap i turn. Han opna medaljesankinga då Russlands mannskap vann lagtevlinga ved Sommar-OL 1996 i Atlanta. Under Turn-VM 1997 tok han sølv i hopp og bronse i lagtevlinga. To år seinare sigra han i mangekampen ved Verdsmeisterskapen i turn 1999 i Tianjin, der han elles fekk ein sølvmedalje i lagtevlinga og bronsemedaljen på bøylehesten.

I Sydney-OL 2000 enda Russland og Krjukov på bronseplass i lagtevlinga. Han var så med på å vinne mix-lagtevlinga i EM 2001 i Riesa, året etter vart det sølv i mannskapstevlinga ved EM 2002 i Pátra. Sidan sikra han seg ein ny VM-bronse i bøylehest ved Turn-VM 2003. Åra 2005 til 2008 sanka han årleg seg ein sølv- eller ein bronsemedalje i anten europameisterskap eller verdsmeisterskap. Under EM 2008 var han ein av fem russiske turnar som gjekk til topps i lagtevlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nikolaj Krjukov