Hopp til innhald

Voronezj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Voronezj
Ворoнеж
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Voronezj oblast
Høgd 140 m
Areal 596,51 km²
Folketal 1 041 722 (1. januar 2025)[1]
Grunnlagd 1586
Postnummer 3940xx
Retningsnummer (+7) 473
Bilnummer 36
Kart
Voronezj
51°40′18″N 39°12′38″E / 51.671666666667°N 39.210555555556°E / 51.671666666667; 39.210555555556
Wikimedia Commons: Voronezh

Voronezj (russisk Воро́неж) er ein stor by sørvest i Russland, ikkje langt frå grensa til Ukraina. Han ligg ved Vornezjelva, 20 km frå munningen hennar i Don. Voronezj er det administrative senteret i Voronezj oblast og eit viktig trafikknutepunkt for jernbanen med linjer til Moskva, Rostov-na-Donu og Kiev.

Voronezjelva vart først nemnd i Hypatiuskrønika i 1177. Byen vart grunnlagd 1585–1586 av tsar Fjodor I som ei festning for vern av den russiske landegrensa frå raid frå krim- og nogaj-tatarar. Det har derimot vore busetnader her sidan steinalderen.

På 1600-talet voks Voronezj til ein mellomstor by, særleg etter at tsar Peter den store bygde eit skipsverft i byen, der Azovflotiljen vart bygd for Azovfelttoga i 1695 og 1696. Denne flåten, som truleg var den første som vart bygd i Russland, inkluderte det første russiske linjeskipet, «Goto Predestinatsia».

Som følgje av skipsverftet vart Voronezj ei kort stund den største byen i Sør-Russland og det økonomiske senteret i ein stor og frodig region. I 1711 vart han det administrative senteret i Azov oblast, som vart ein del av Vornezj gubernija.

Voronezj

På 1800-talet var Voronezj senteret for Den sentrale svartjordregionen. Fabrikkindustri (møller, talgsmelting, smørmaking, såpe, lêr og anna) og handel av brø, kveg, talg og hår utvikla seg i byen. Voronezj fekk jernbanesamband med Rostov-na-Don i 1868 og Moskva i 1871.

Under den andre verdskrigen vart Voronezj åstad for nokre av dei hardaste kampane mellom russiske og tyske troppar. Han vart nytta som utgangsposisjon for det tyske åtaket på Stalingrad og var eit viktig kryssingspunkt over Don.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Voronezj