Nikolaj Morilov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolaj Morilov

Nikolay Morilov at Tour de Ski.jpg

Statsborgarskap Russland
Fødd 11. august 1986
Perm
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Nikolaj Sergejevitsj Morilov (fødd 11. august 1986) er ein russisk langrennar frå Perm. Han vann to VM-medaljar og ein OL-medalje i perioden 2007-10. I 2007 fekk han sølv i parstafetten under verdsmeisterskapen, to år seinare tok han bronsen i sprintøvinga ved Ski-VM 2009. Til sist vann han i 2010 ein OL-bronse i parstafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Morilov deltok i verdscupen i langrenn frå desember 2004 til vinteren 2017. Han spesialiserte seg i sprint og vann tre tevlingar i sprintøvinga, to av desse i etapperenn i Tour de ski. Hans einaste verdscuptriumf elles kom då han vann sprinttevlinga i Rybinsk 22. januar 2010. Omframt desse enkeltrenna, var Morilov med om å vinne fire parstafettar i verdscupen i tida frå desember 2009 til januar 2013.

Under verdsmeisterskapen 2007 i Sapporo stilte Russland med Vasilij V. Rotsjev og ankermann Morilov på parstafetten. På oppløpet kjempa Morilov og Italias Cristian Zorzi om sigeren. Dei to utøvarane fekk same sluttid, målfoto viste at gullet gjekk til Italia og sølvet til Russland. To år seinare spurta Morilov over målstreken til bronsemedalje i sprinttevlinga ved Ski-VM 2009 i Liberec, einast nordmennene Ola Vigen Hattestad og Johan Kjølstad var kjappare. Under dei olympiske vinterleikane 2010 i Vancouver vart det ein ny bronsemedalje på Morilov, etter at parkamerat Aleksej Petukhov måtte gje tapt mot Tysklands ankermann Axel Teichmann i kampen om sølvplassen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]