Hopp til innhald

Nikolajevsk-na-Amure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolajevsk-na-Amure
Николаевск-на-Амуре
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Khabarovsk kraj
Areal 17 km²
Folketal 17 471 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1850
   Bystatus 1856
Postnummer 682460
Retningsnummer 42135
Kart
Nikolajevsk-na-Amure
53°09′00″N 140°44′00″E / 53.15°N 140.73333333333°E / 53.15; 140.73333333333
Wikimedia Commons: Nikolayevsk-on-Amur

Nikolajevsk-na-Amure (russisk Никола́евск-на-Аму́ре) er ein by i Khabarovsk kraj i Russland. Byen ligg 80 km frå munningen til Amur, 650 km nordaust for Khabarovsk. Byen har om lag 17 000 innbyggjarar.

Den russiske busetnaden vart grunnlagd som Nikolajevskij av Gennadij Nevelskoj 13. august 1850. Byen vart kalla opp etter tsar Nikolaj I av Russland. Han fekk byrettar og og namnet Nikolajevsk-na-Amure i 1856.

Nikolajevsk, ca. 1900.

Byen vart ei viktig kommersiell hamn og vart administrativt senter for regionen til 1880, då guvernøren vart flytta til Khabarovsk. Anton Tsjekhov vitja byen på reisa si til Sakhalin i 1890, og merka seg at folketalet minka raskt. Nikolajevsk kom ut av resesjonen i 1896 då det vart oppdaga gull i nærleiken og som følgje av nyoppretta laksefiskeri.

Under den russiske borgarkrigen fall folketalet i byen frå 15 000 til 2 000, etter at ein lokal partisanleiar, som seinare vart avretta av dei same bolsjevikane han var meint å høyre til, jamna byen med jorda og massakrerte den japanske minoriteten i byen.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Nikolajevsk-na-Amure