Hopp til innhald

Komsomolsk-na-Amure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Komsomolsk-na-Amure
Комсомольск-на-Амуре
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Khabarovsk kraj
Høgd 30 m
Areal 325,10 km²
Folketal 233 716 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1932
   Bystatus 1933
Postnummer 6810xx
Retningsnummer (+7) 4217
Kart
Komsomolsk-na-Amure
50°33′N 137°00′E / 50.55°N 137°E / 50.55; 137
Wikimedia Commons: Komsomolsk-on-Amur

Komsomolsk-na-Amure (russisk Комсомо́льск-на-Аму́ре) er ein by i Khabarovsk kraj i Russland. Han ligg på venstresida av elva Amur, rundt 356 km nordaust for Khabarovsk, og ved BAM-jernbanen. Byen har om lag 230 000 innbyggjarar.

kinesisk vert byen kalla Gongqing Cheng (共青城), direkte omsett som «Komsomolbyen». Området låg opphavleg i keisardømet Kina, men kom under russisk overhøgd etter Aigun-traktaten i 1858.

Landsbyen Permskoje (russisk skrift Пе́рмское) vart grunnlagd i 1860 av innflytta småbønder frå Perm gubernija. I 1932 vart det bygt tungindustrifabrikkar på staden, landsbyen fekk bystatus og namnet vart endra til Komsomolsk-na-Amure, sidan han vart grunnlagt som industrielt senter av den kommunistiske ungdomsorganisasjonen Komsomol.

Ei gate i Komsomolsk-na-Amure.

I løpet av 1900-talet utvikla byen seg til eit regionalt senter for industriar som metallurgi, maskinbygging, oljeraffinering og skipsbygging. Flyprodusenten Sukhoi har store fabrikkar i byen. Khurba flybase ligg sør for byen og Dzemgi flybase ligg i nord.

Kjende personar frå Komsomolsk-na-Amure

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Komsomolsk-na-Amure