Nils M. Knutsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils M. Knutsen
Fødd 12. februar 1943
Yrke skribent

Nils Magne Knutsen (fødd 12. februar 1943 i Kvæfjord) er ein norsk litteraturforskar. Han er professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Tromsø. Han har særleg markert seg som formidlar av skjønnlitteratur av nordnorske forfattarar og som spesialist på Knut Hamsuns forfattarskap.

Knutsen tok hovedfag i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1973 med ei hovudoppgåve om nordnorsk samfunn slik det var skildra i Hamsuns 'Benoni og Rosa Han vart i 1974 stipendiat i nordisk litteratur, i 1977 førsteamanuensis, og i 2012 professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Tromsø.[1]

Knutsen var med på å starta Hamsundagene på Hamarøy i 1982, og var styreleiar i Hamsun-Selskapet (1988–2000). Han har skrive fleire bøker om nordnorsk kultur- og litteraturhistorie.

Knutsen vart i 2014 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for formidling av nordnorsk litteratur og kulturhistorie.»[2]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Nils M. Knutsen (1975). Makt – avmakt. En analyse av Knut Hamsuns Benoni og Rosa. Aschehoug. 
  • Nils M. Knutsen (1988). Nessekongene - de store handelsdynastiene i Nord-Norge. Gyldendal. 
  • Nils M. Knutsen (1991). Fra Ottar til Oluf. Artikler om nord-norsk litteratur. Cassiopeia forlag. 
  • Mørkets og kuldens rike. Tekster i tusen år om Nord-Norge og nordlendingene. Cassiopeia forlag. 1993. 
  • Nils M. Knutsen (1996). Nordens Paris. Vandringer i Tromsøs muntre liv og historie. Angelica forlag. 
  • Nils M. Knutsen og Per Posti (2002). La Recherche - En ekspedisjon mot nord. Angelica forlag. 
  • Nils M. Knutsen (2006). Knut Hamsun og Nordland - Den lange veien hjem. Angelica forlag. 
  • Nils M. Knutsen (2014). Liten støttebok for søringer i Nord-Norge. Angelica forlag.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Petter Dass-medaljen (1995)
  • Kristian Ottosen-prisen (1995)
  • Tromsø kommunes kulturpris (2002)
  • Undervisningsprisen ved Universitetet i Tromsø
  • Ottar-prisen for formidling
  • Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden (2014)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nils Magne Knutsen Sosiale maktstrukturar og sosiale konfliktar i Knut Hamsuns romanar "Benoni" og "Rosa" : ein analyse Hovudoppgåve i nordisk - Universitetet i Oslo, 1973
  2. «Utnevnelser til St. Olavs Orden», Kongehuset, 3. juni 2014.

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]