Nils Peter Bernhard Hjelmberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Peter Bernhard Hjelmberg
Statsborgarskap Danmark
Fødd 3. januar 1923
Død

8. august 1946 (23 år)

Yrke politibetjent

Nils Peter Bernhard Hjelmberg (3. januar 19238. august 1946) var ein dansk statsborgar, fødd i København, som arbeidde for tysk politi i Noreg under den andre verdskrigen.

Hjelmberg kom til Noreg i oktober 1942 som kontormann ved det tyske sikkerheitspolitiet i Bergen. I januar 1944 vart han overført til Gestapo, avdeling IV E som tolk og hjelpepolitimann, og han stod i stillinga til kapitulasjonen. Han vart dømd til livsvarig fengsel for krigsbrotsverk i Gulating lagmannsrett 18. mars 1946. Høgsterett dømde han 4. juli 1946 til døden, og han vart avretta på Sverresborg i Bergen 8. august 1946.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]