Nils Spjeldnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Spjeldnæs
Fødd3. januar 1926
Død29. mars 2006
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, paleontolog, botanikar

Nils Spjeldnæs (3. januar 192629. mars 2006) var ein norsk geolog og paleontolog, forskar og universitetslærar.

Nils Spjeldnæs studerte geologi blant anna i Uppsala i Sverige. Han tok doktorgraden i 1957 og var konservator ved Paleontologisk museumTøyen i Oslo frå 1960 til 1961, sidan førsteamanuensis ved Institutt for Geologi ved Universitetet i Oslo fram til 1964. I 1965 vart Spjeldnæs professor i historisk geologi ved Universitetet i Århus i Danmark og frå 1973 fekk han eit professorat i paleoøkologi ved Institutt for Genetikk og Økologi same stad. Han kom attende til Universitetet i Oslo i 1984 og var professor i historisk geologi og stratigrafi til 1996 då han gjekk av med alderspensjon. Han heldt likevel fram arbeidet sitt på Institutt for Geologi som professor emeritus.

Spjeldnæs mottok Kongens gullmedalje for Universitetets prisoppgave i 1955, vart riddar av Dannebrogordenen og æresdoktor ved Universitetet i Athen i 1995.

Han var son av Sverre Spjeldnæs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]