Nina Nesbitt
Nina Nesbitt | |||
![]() | |||
Fødd | 11. juli 1994 (30 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Edinburgh | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 2011– | ||
Sjanger | balkanpop, rock | ||
Instrument | gitar, piano, fløyte, vokal, tromme | ||
Plateselskap | Universal Music Group, Cooking Vinyl | ||
Verka som | musikar, songar-låtskrivar, gitarist, pianist, plateartist |
Nina Nesbitt (fødd 11. juli 1994) er ein skotsk singer-songwriter.
Liv og karriere
[endre | endre wikiteksten]Nesbitt blei fødd i Livingston i West Lothian,[1] og gjekk på ein liten barneskule i Bellsquarry. Då ho var 12 flytta ho til Balerno, ein forstad til Edinburgh, og blei elev ved Balerno Community High School. Ho har skotsk far og svensk mor. Som barn deltok ho i lokale og regionale gymnastikkonkurransar med skulen sin i Bellsquarry, med Pentland Rhythmic Gymnastics Club og for Skottland.[2]
Ho starta musikkarrieren sin med å skriva og spela inn songar på rommet sitt, og lasta dei opp til Youtube-kanalen sin.[3][4] Nesbitt speler gitar, klaver og fløyte.
Etter å ha møtt musikaren Ed Sheeran, blei ho invitert til å varma opp for han på europaturnéen hans. Då ho spelte inn eit cover av «Stay Awake», blei opphavspersonen til songen Example òg interessert i eit samarbeid.[5] I 2012 medverka ho på musikkvideoen til Ed Sheeran sin song «Drunk».[6]
Den andre EP-en hennar, The Apple Tree, kom ut i april 2012, og nådde ein sjetteplass på iTunes si nedlastingsliste etter å ha blitt spelt på BBC Radio 1.[7] Nesbitt nådde fysteplassen på iTunes si singer/songwriter-hittliste.[5]
I oktober 2012 la Nina Nesbitt ut på sin tredje engelske turné, BOY UK TOUR, for å promotera debutsingelen, Boy, og EP-en med same namn. I april 2013 gav ho ut sin tredje EP, Stay Out, og i juli 2013 kom EP-en Way in the World ut. I 2014 gav ho ut sitt fyrste album, Peroxide.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- Peroxide (2014)
- The Sun Will Come Up, the Seasons Will Change (2019)
- Älskar (2022)
EP-ar
[endre | endre wikiteksten]Tittel | Detaljar | Songar |
---|---|---|
Live Take |
|
|
The Apple Tree |
|
|
Boy |
|
|
Stay Out |
|
|
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Hitliste plassering | Album |
---|---|---|---|
UK [8] | |||
2012 | "Boy" | 139 |
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nina Nesbitt: The Scottish singer-songwriter on taking on America, and winning». Ludlow Advertiser. Henta 6. august 2018.
- ↑ «Nina Nesbitt is the most exciting pop artist to release music this year». 21 September 2017.
- ↑ «Nina Nesbitt will convince you break-ups are actually dope». Galore Mag. 21. november 2017.
- ↑ «Nina Nesbitt made £100k before debut album». Edinburgh Evening News. Henta 6. august 2018.
- ↑ 5,0 5,1 «17-year-old Edinburgh singer Nina Nesbitt rides high in charts». Edinburgh Evening News. 26. april 2012. Henta 12. juli 2012.
- ↑ «Using our Eds: Scots singer Nina Nesbitt hints at duet with boyfriend Sheeran». Daily Record. Henta 3. desember 2015.
- ↑ «Track - 04 May 2012». Record of the Day. 4. mai 2012. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 12. juli 2012.
- ↑ Peak positions in the United Kingdom:
- Denne artikkelen bygger på «Nina Nesbitt» frå Wikipedia på dansk, den 4. august 2022.