Njøs kyrkjestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Njøs kyrkjestad ligg på garden Njøs i Leikanger i Sogn. Kyrkja på Njøs var bygd i stein, og ho stod på Byglagarden. Kyrkja hadde berre inntekt av garden Njøs på midten av 1300-talet, men presten tok inn landskuld frå Øvre og Nedre Njøs, Kvålen, Bjørgum og Hemingswelli. Bjørgum og Hemingswelli er i dag ukjende gardar. Njøs kyrkje tok berre inn 1 mm i landskuld, medan presten på Njøs fekk inn 16,5 mm og 1 skjetting i landskuld. I tillegg tok presten her inntekt av jordegodset til Henjakyrkja, 33,5 mm. Samla ser det ut til at presten på Njøs fekk 50 mm i inntekt på midten av 1300-talet. Me finn att kyrkja på Njøs i jordeboka frå 1598. På denne tida tok kyrkja inntekt i tre fleire gardar enn rundt 1360. I 1667 vart truleg kyrkja på Njøs nedlagd, og eigedomane vart overførde til Leikanger kyrkje.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]