Nogvafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nogvafjorden er ein fjord i Haram kommuneSunnmøre. Han ligg mellom Flemsøya/Skuløya i sørvest og øya Fjørtoft i nordaust. Fjorden strekkjer 5,5 km søraustover frå Norskehavet og inn mot Harøyfjorden.

Fjorden har innløp mellom Kjeholmen i vest og Fjørtoftneset i aust og enda mellom neset Nogva, som fjorden er kalla opp etter, i sørvest og Fuglevika i nordaust. Han er om lag 2,5 km brei og på det djupaste 119 m.