Fjørtofta
Utsjånad
(Omdirigert frå Fjørtoft)
| Fjørtofta | |
|---|---|
Fjørtofta Foto: Øystein H. Brekke | |
| Geografi | |
| Stad | Sunnmøre |
| Koordinatar | 62°42′08″N 06°23′43″E / 62.70222°N 6.39528°E |
| Areal | 8,9 km² |
| Høgaste punkt | Æafjellet (112 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Demografi | |
| Folketal | 114 (2024) |
| Folketettleik | 13 /km² |
Fjørtofta[1] er ei øy i Haram kommune i Møre og Romsdal. Ho høyrer til øygruppa Nordøyane og har eit areal på 8,9 km². Øya ligg ved munningen av Romsdalsfjorden mellom Fjørtoftfjorden i nord og Nogvafjorden i sør.[2]
Det er ferjesamband til dei nærliggande øyane og til fastlandet og hurtigbåtsamband til Ålesund og dei andre Nordøyane. Fjørtoft kyrkje vart bygd i 1878, og ligg i Nordgard som er ein av dei fire bygdelaga på øya. Nordgard, Sørgard, Otterlei og Stranda. Det har budd folk på Fjørtofta i lange tider, og det er gjort funn frå vikingtida på øya.
Folketalsutvikling:
| 1801[3] | 1900[4] | 2000[5] | 2024[5] |
|---|---|---|---|
| 144 | 330 | 287 | 114 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Fjørtofta». Faktaark. Kartverket. Henta 6. mars 2017.
- ↑ Fjørtofta på Norgeskart.no fra Statens kartverk
- ↑ Folketeljing 1801 for Haram prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Haram herred, frå Digitalarkivet
- 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå