Hopp til innhald

Nojabrsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nojabrsk
Ноябрьск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Jamalo-Nenetsk
Høgd 115 m
Areal 38,84 km²
Folketal 102 938 (1. januar 2024)
Grunnlagd 1976
   Bystatus 1982
Postnummer 629800–629811
Retningsnummer (+7) 3496
Kart
Nojabrsk
63°12′06″N 75°27′06″E / 63.201666666667°N 75.451666666667°E / 63.201666666667; 75.451666666667
Wikimedia Commons: Noyabrsk

Nojabrsk (russisk Ноя́брьск) er den største byen i det autonome området Jamalo-Nenetsk i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg rundt 560 km søraust for Salekhard og 870 km nordaust for Tjumen.

Utsyn mot taigaen frå byens utkant.

Nojabrsk er ein ung by og vart grunnlagd i 1976. I 1982 fekk han bystatus. Byen oppstod som følgje av utbygginga av oljefeltet «Kholmogorskoje». Det vart bygt jernbane fram til staden og oppført bustader for arbeidarane. Busetnaden voks opp rundt jernbanestasjonen Nojabrskaja og i oktober 1976 vart busetnaden Nojabrsk offisielt grunnlagt. Namnet kjem frå det russiske ordet for november: Ноя́брь nojabr. Ved utgangen av same år hadde han 1 523 innbyggjarar. Busetnaden voks stadig vidare, og skular og gater vart bygt.

Økonomi og næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg midt i dei vestsibirske oljefelta og hovudnæringa er naturleg nok oljeutvinning. Selskapet Gazprom Neft er sterkt representert i området.

Nojabrsk lufthamn ligg seks kilometer vest for byen, med ruter til Moskva, Salekhard og fleire andre destinasjonar.

Byen ligg ved jernbanen TjumenNovyj Urengoj. Byen er delt i ein mindre sørleg del, Nojabrsk-I og ein større nordleg del, Nojabrsk-II. Kvar bydel har sin eigen jernbanestasjon, noko som gjennom åra har forvirra mange nye tilreisande. Jernbanelinja skil bustaddelen i byen frå industriområdA som tener oljefelta.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Nojabrsk