Nordag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordag var eit føretak under andre verdskrig, som hadde til føremål å byggja ut aluminiumsindustri i område kontrollert av Tyskland. Det tyske selskapet Nordische Aluminium Aktiengesellschaft (Nordisk aluminium aksjeselskap), kalla Nordag, vart oppretta mot slutten av 1940 i Berlin. Kapital til opprettinga kom for det meste frå Luftfahrtsministerium. Det tyske flyvåpenet Luftwaffe trong aluminium til produksjon av fly. Nordag sette i gang prosjekt ymse stader i Noreg, der det var rik tilgjenge på vasskraft. Det vart sett i gang bygging av ymse vasskraftverk, for å få elektrisk kraft til smelteverka. Industriprosjekt vart sett i gang i Årdal, Sauda, Glomfjord, Odda og på Herøya. Prosjekta vart i liten grad ferdige før krigen slutta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]