Nordfjord Sogelag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordfjord Sogelag vart skipa 4. januar 1908. Det var det første av dei regionale sogelaga i Sogn og Fjordane. Historielaget for Sogn vart skipa i 1909, og Sunnfjord Sogelag i 1910. Formålet for Nordfjord Sogelag vart nedfelt, i lovene for laget, i tre hovudpunkt: Det skulle byggjast eit folkemuseum, gransking av soge og målføre i Nordfjord skulle stydjast og ein skulle arbeide for å gi ut eit årsskrift.

Det vart vedteke at folkemuseet skulle reisast i Gloppen. Hus vart kjøpte rundt om i Nordfjord, og flytt dit. Nordfjord Folkemuseum vart offisielt opna 25. juli 1920. På 1960 talet vart museet flytt til eit anna område i Sandane. Museet tek og vare på Holvikjekta i eit eige jektenaust.

Gransking av målføre og soge i Nordfjord, har mykje vorte gjort av personar utanom sogelaget. Særleg var Jacob Aaland viktig i dette arbeidet. Han vart ved fleire høve heidra av Nordfjord Sogelag for dette arbeidet. Sogelaget har gitt ut Stortingsmenn og stortingsval i Sogn og Fjordane 1814 - 1970.

Frå 1951 har Nordfjord Sogelag gitt ut Årbok for Nordfjord saman med Firda Ungdomslag og Nordfjord Folkemuseum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Per Lothe:Nordfjord Sogelag 80 år i Årbok for Nordfjord 1988