Firda Ungdomslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Firda Ungdomslag vart skipa i Stryn 7. februar 1896., som eit regionalt ungdomslag. Det hadde ved starten 17 lokallag i Sunnfjord og Nordfjord. Firda Ungdomslag var ei viktig drivkraft ved oppstarten av Nordfjord Folkemuseum. Laget spelte og ei viktig rolle under skipinga av Firda Gymnas i 1922.

Saman med Sunnfjord Ungdomslag, Sogns Ungdomslag og Firda Mållag starta Firda Ungdomslag Firda og Sygna Herbyrge i Strandgaten i Bergen. Dette vart avvikla i 1916. Laga kjøpte i staden Smeby Hotell i same gata. I 1917 starta Firdaheimen og Firdastova.

Firda Ungdomslag arrangerte Firdastemna ved jonsokleite kvart år.

I 1991 slo dei regionale ungdomslaga i Sogn og Fjordane seg saman til Sogn og Fjordane Ungdomslag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]