Nordgulelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordgulelva
elv
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Nedslagsfelt 21,0 km²
Sideelvar Skåldalselva, Setreelva
Lengd 7,3 km
Middelvassføring 2,63 /s
Kjelde Dalsbotnfjellet
Munning Nordgulfjorden ved Nordgulen

Nordgulelva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho er 7,3 km lang, og har eit nedbørfelt21,0 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 2,63 m³/s.[1]

Elva har utspring på nordvestsida av Dalsbotnfjellet. Ho renn deretter mot vest gjennom Bjørndalen, der ho vert kalla Bjørndalselva. Elva fell så bratt ned i hovuddalen ved Trangane, der ho skiftar namn til Trangselva og snur mot sør og renn inn i Nordste Nordgulvatnet. Mellom Nordste og Synste Nordgulvatnet, ei strekning på 0,6 kilometer, kallast ho Vassoelva. Derifrå renn ho først mot søraust, før ho i ein stor boge snur mot vest og munnar ut i Nordgulfjorden ved Nordgulen. Dei største sideelvane er Skåldalselva, som ho renn saman med om lag 0,5 kilometer før munningen i fjorden, og Setreelva, som renn inn i Synste Nordgulvatnet frå nordaust.

På strekninga mellom Synste Nordgulvatnet og fjorden er det busetnad og jordbruksområde på begge sider av elva. Resten av nedbørfeltet er ikkje busett, men Fv57 går langs elva frå fjorden til Trangane. Synste Nordgulvatnet er drikkevasskjelde for Nordgulen-bygda. Det er til no ikkje utbygd noko vasskraft i vassdraget, men Norsk Grønnkraft har i 2010 søkt konsesjon for eit småkraftprosjekt på 11,5 GWh.[2]

Nordgulelva er, som dei fleste vassdrag i området, utsett for sur nedbør, noko som på 1970- og 1980-talet medførte at fiskebestandane i elva vart sterkt reduserte. Etter at det dei siste par tiåra har vore gjennomført kalking i fleire innsjøar og vatn (Synste og Nordre Nordgulvatnet, Skåldalsvatnet, Lommestjørna og Omnstjørna) samt utlegging av skjellsand i Nordgulelva og Skåldalselva har fiskebestandane teke seg opp att.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]