Nedslagsfelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nedbørfelt)
Nedslagsfelt. Den stipla linja er vasskiljet til nedslagsfeltet

Eit nedslagsfelt - også kalla nedbørsfelt, tilsigsområde, nedslagsdistrikt, tilsigsfelt, dreneringsområde, samlebassin, avrenningsområde eller elvebekken - er det landområdet som eit vassdrag samlar opp vatn frå. Vatn frå regn eller snøsmelting renn nedover overflata og samlar seg i elvar, innsjøar, reservoar, estuar, våtmarksområde, sjø eller hav. Nedslagsfeltet inneheld både bekkar og elvar som transporterer vatnet og overflata som desse samlar opp vatnet frå.

Kvart nedslagsfelt er topografisk avgrensa frå kvarandre av ein rygg, ås eller eit fjell, som ein kallar vasskiljet. Av og til kan det vere vanskeleg å avgrense nedslagsfeltet fordi ein innsjø eller ei myr kan ha avrenning i fleire retningar.

Store nedslagsfelt i verda[endre | endre wikiteksten]

Kart[endre | endre wikiteksten]

Nedslagsfelta til dei største hava i verda. Grå område er endorheiske nedslagsfelt som ikkje har avrenning til havet.

Nedslagsfelta til hava[endre | endre wikiteksten]

Det er mange nedslagsfelt i verda. Dei følgjande er nokre av dei største: Nedslagsfeltet til Atlanterhavet utgjer om lag 47 % av alle landområda i verda. USA aust for Rocky Mountains, inkludert Dei store sjøane, og Canada, nesten heile Sør-Amerika (landområda aust for Andesfjella), det nordlege Europa og dei vestlege områda av Afrika er ein del av dette nedslagsfeltet. I tillegg er Det karibiske havet og Mexicogolfen (nordlege delar av Sør-Amerika) rekna som ein del av Atlanterhavet.

Middelhavet drenerer dei sørlege og austlege områda av Europa, Nordaust-Afrika (inkludert Egypt, Libya, Sudan og andre land som har avrenning til Nilen), Tyrkia og kystområda av Israel, Libanon og Syria.

Nordishavet drenerer det meste av Nord-Canada og Russland

Nedslagsfeltet til Stillehavet utgjer berre 13 % av landområda i verda. Dette inkluderer det meste av Kina, det søraustlege Russland, Japan, Korea, det meste av Indonesia og Malaysia, Filippinane, alle Stillehavsøyane, nordaustkysten av Australia, det meste av Alaska, den vestlege delen av Canada, USA, Sentral-Amerika og Sør-Amerika (den mindre delen vest for Andesfjella).

Indiahavet drenerer rundt 13 % av landområda på jorda. Dette nedslagsfeltet inkluderer austkysten av Afrika, kysten av Raudehavet og Persiabukta, det indiske subkontinentet, Burma og det meste av Australia.

Sørishavet sitt nedslagsfelt består av Antarktis, som utgjer om lag 8 % av landområda på jorda.

Endorheiske nedslagsfelt[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Endorheisk nedslagsfelt.

Endorheiske nedslagsfelt er nedslagsfelt som ikkje har avrenning til havet. Om lag 18 % av landområda på jorda er endorheiske. Dei største av desse områda finn ein i indre område av Asia, som har avrenning til Kaspihavet og Aralsjøen. Andre slike nedslagsfelt er Great Basin i USA, det meste av Sahara, vasskiljet til elva Okavango (Kalahari), høglandet nær Dei store sjøane i Afrika, indre område av Australia og Den arabiske halvøya, og delar av Mexico og Andesfjella.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]