Nordisk kulturkontakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordisk kulturkontakt (fram til og med 2016 Kulturkontakt Nord) er ein av institusjonane til Nordisk Ministerråd, som vart oppretta i 2012. Nordisk kulturkontakt har som hovudoppgåve å auka interessa for Norden og nordisk samarbeid i Finland, og å administrera to nordiske støtteordningar: Kultur- og kunstprogrammet og Nordisk-baltisk mobilitetsprogram for kultur. Organisasjonen er òg eit kontaktpunkt for nordisk kulturelt samarbeid og for informasjon om dette samarbeidet i Norden.

Organisasjonen vart til den 1. januar 2012 gjennom ei samanslåing av Nordens Institut i Finland (Nifin) og den tidlegare Kulturkontakt Nord. Samanslåinga vart gjennomført slik at den tidlegare Kulturkontakt Nord vart overført til Nifin, som skifta namn til Kulturkontakt Nord. Verksemda til begge institusjonane vert halde fram uavbrote under ein felles paraply. I 2017 skifta organisasjonen altså namn til Nordisk kulturkontakt.

Organisasjonen har som mål å spreia kunnskap om, og interesse for Norden i Finland innan fleire ulike område, og å vera eit samlingspunkt for nordisk kultursamarbeid og informasjon om dette samarbeidet i Norden. Organisasjonen har Finland med det øvrige Norden med nærområde som arbeidsfelt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]