Norges Automobil-Forbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norges Automobil-Forbund (NAF) er ein norsk medlemsorganisasjon for bileigarar, særleg personbileigarar, og arbeider for å fremje deira interesser. Hovudkontoret ligg i NAF Gården, Østensjøveien 14 på Helsfyr i Oslo.

Organisasjonen kan tilby periodisk køyretøykontroll (ofte kalla «EU-kontroll») og anna testing og kontroll av bil, juridisk og bilteknisk rådgjeving, bilberging, hjelp på staden med tekniske feil på bilen, og anna assistanse som har med bruk av bil å gjere. Dessutan er organisasjonen engasjert i motorsport.

Norges Automobil-Forbund vart skipa 21. mai 1922, og er styrt av medlemmene, med Landsmøtet som det øvste organet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]