Periodisk køyretøykontroll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det kan markerast på ulike vis at ein bileigar har sitt på det tørre. Her ein franskregistrert bil med merke på frontruta for godkjent periodisk køyretøykontroll (øvst), merke for gyldig bilforsikring, og merke (såkalla pastille verte) for at bilen held seg innanfor strenge utsleppsgrenser.

Periodisk køyretøykontroll (PKK), som òg vert kalla EU-kontroll, er ein regelmessig kontroll av motorkøyretøy, det vil seie bilar av ulike slag, og tyngre tilhengarar til bilar. Meininga med kontrollen er å få kartlagt om køyretøyet stettar dei krava som styremaktene har fastsett til køyretøy som skal kunne nyttast i trafikken, altså om køyretøyet er trygt å nytte og ikkje forureinar meir enn det skal.

Plikten til å kontrollere køyretøyet fylgjer av lov, og av føresegner i medhald av lova, og i Noreg dessutan av reglar i medhald av EØS-avtala, slik nemninga EU-kontroll på slike kontrollar her i landet gjev eit vink om. Nemninga EU-kontroll vil altså ikkje seie at det er høve til å få norskregistrerte køyretøy kontrollerte i land innanfor EU; køyretøya skal kontrollerast i Noreg etter norske føresegner.

Norske reglar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg må norskregistrerte køyretøy opp til og med 3 500 kg totalvekt verte kontrollert kvart anna år frå fjerde året etter at køyretøyet vart registret den første gongen. For køyretøy med større totalvekt enn 3 500 kg er det naudsynt med årleg kontroll frå og med to år etter at køyretøyet vart registrert. Kontrollen skal gjerast av ein bilverkstad som det aktuelle regionkontoret i Statens vegvesen har godkjent for å gjere slik kontroll. Mellom dei godkjente verkstadene er dei kontrollstasjonane som Norges Automobil-Forbund har kringom i landet. Resultatet av kontrollen, som antan kan gå ut på at køyretøyet vert godkjend, at det kan nyttast på vilkår av at spesifiserte feil og manglar vert retta av godkjend bilverkstad innan ein fastsett frist, eller at feil og manglar er så grove at køyretøyet ikkje kan nyttast og vert avskilta, skal meldast til regionvegkontoret, som tek avgjerda.

Dersom eigaren av køyretøyet ikkje er samd i registreringa av manglar på køyretøyet, kan eigaren krevje at regionvegkontoret gjer ein ny kontroll mot nytt vederlag. Vegdirektoratet eller det aktuelle regionvegkontoret kan pålegge godkjente verkstader å medverke til førebuinga av ei eventuell overprøving utan å kunne krevje særskilt godtgjering for dette. Dersom overprøvinga av kontrollarbeid fører til så store endringar av resultatet at det verkar inn på spørsmålet om køyretøyet kan godkjennast, må verkstaden som får avgjerda si endra, refundere eigaren av køyretøyet det kontrollen har kosta.

Kontrollmånaden i kontrollåret[endre | endre wikiteksten]

I det året køyretøyet skal kontrollerast, er det siste siffer i registreringsnummeret, altså nummeret på registreringsskiltet på køyretøyet, som fastsett kva månad køyretøyet skal kontrollerast i. Med eit unnatak samanfaller sifferet med talet på månaden, der januar er nummer 1. Det er ikkje kontroll i feriemånaden juli, så dei køyretøya med 7 som siste siffer i registreringsnummeret skal difor kontrollerast i november månad, medan sifferet 0 synar til oktober månad. Det er eigaren av køyretøyet som har ansvaret for å tinge tid til kontroll og få køyretøyet kontrollert.

Køyretøy med skilt med 1 som siste siffer skal altså til kontroll i januar; med skilt med 2 som siste siffer i februar; med skilt med 3 som siste siffer i mars; med skilt med 4 som siste siffer i april; med skilt med 5 som siste siffer i mai; med skilt med 6 som siste siffer i juni; med skilt med 7 som siste siffer i november, med skilt med 8 som siste siffer i august; med skilt med 9 som siste siffer i september, og med skilt med 0 som siste siffer i oktober.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]