Norges Bygdekvinnelag
| Norges Bygdekvinnelag | |||
| Type | forening/lag/innretning | ||
|---|---|---|---|
| Org.nummer | 940590310 | ||
| Skipa | 15. november 1946 | ||
| Hovudkontor | Oslo | ||
| Omsetjing | 15 143 391 norsk krone | ||
| Tilsette | 7 (2025) | ||
| Medlemmer | 10 153 | ||
| Nettstad | https://bygdekvinnelaget.no | ||
Norges Bygdekvinnelag er ein organisasjon som arbeider for å styrke kvinnene sine interesser og for interessene for lokalsamfunnet. Organisasjonen vart oppretta som Norges Bondekvinnelag i 1946 ved at han vart skilt ut frå Norges Bondelag. Han samla den gongen fylkesvise bondekvinnelag i ein nasjonal organisasjon. Organisasjonen endra namn til det noverande namnet i 2002.[1] Laget har 11 000 medlemmer fordelte på 18 distriktsslag og over 430 lokallag.[1]
Norges Bygdekvinnelag er spesielt opptatt av kvinner som har tilknyting til primærnæringane.[2] Det er òg del av ei internasjonal rørsle gjennom medlemskap i Associated Country Women of the World.
Organisasjonen er opptatt av berekraftig forvalting av naturressursane og bidrar i til det gjennom medlemskap i Grønn Hverdag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Bygdekvinnelaget - møteplass for aktive kvinner | Bygdekvinnelaget», www.bygdekvinnelaget.no, henta 10. mars 2024
- ↑ «Norges Bygdekvinnelag». Store norske leksikon (på norsk). 3. mars 2024.