Norges Naturvernforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norges Naturvernforbund
Skipa18. februar 1914
Medlemmer24 000
Lokale ledd100
Internasjonal tilknytingFriends of the Earth
Nettstadhttps://naturvernforbundet.no/
Sentralstyret i Naturvernforbundet 2018-2020. Bak frå venstre: Torgeir Vestre, Ingeborg Gjærum, Kari Merete Andersen, Rune Aanderaa, Kjell Derås. Framme fv: Pernille Hansen, Silje Ask Lundberg, Øyvind Johnsen, Wenche Skorge, Arnodd Håpnes.
Foto: Kristian S. Aas/Natur & Miljø

Norges Naturvernforbund, NNV (engelsk: Norwegian Society for the Conservation of Nature) er den eldste og største natur- og miljøvernorganisasjonen i Noreg.

Organisasjonen vart stifta 1914 under namnet Landsforeningen for Naturfreding i Norge, og fekk sitt noverande namn etter ei omordning i 1963. Det opphavlege føremålet til Naturvernforbundet var å verne om naturen i landet med eigenarten, dyre- og platelivet der. I dag arbeider organisasjonen med alt som fell inn under det moderne omgrepet som gjeld natur- og miljøvern. Naturvernforbundet driv ei omfattande opplysningsverksemd overfor ålmenta, tek initiativ overfor styresmaktene i natur- og miljøvernsaker og uttalar seg i saker som vert lagt fram knytt til styresmaktene. Organisasjonen er delt inn i 18 fylkeslag, 100 lokallag og husa i 2006 om lag 20 000 medlemmer.

Forbundet gir ut tidsskriftet Natur & Miljø og har ein nettstad som er rik på innhald. Sekretariatet ligg i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]