Hopp til innhald

Normandia

Koordinatar: 03°52′51″N 59°37′22″W / 3.88083°N 59.62278°W / 3.88083; -59.62278
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

03°52′51″N 59°37′22″W / 3.88083°N 59.62278°W / 3.88083; -59.62278

Normandia
Municipio de Normandia
Caracaranã-sjøen i Raposa Serra do Sol
Flagg
Symbol
Land  Brasil
Stat Roraima
Region Norte
Areal 5 687 km²
Folketal 9 754
Grunnlagd 9. juli 1890
Tidssone UTC-4
Kart
Normandia
3°52′51″N 59°37′22″W / 3.8808333333333°N 59.622777777778°W / 3.8808333333333; -59.622777777778
Wikimedia Commons: Normandia (Roraima)

Normandia er ein kommune i delstaten Roraima i nordregionen av Brasil. Kommunen har ei flatevidd på 6966,81 km² og eit folketal på 9754.[1][2] 98,6 % av landområdet høyrer til urfolksreservatet Raposa Serra do Sol.[1] Resten av arealet omfattar administrasjonssenteret tett ved grensa mellom Brasil og Guyana.[1]

Normandia har namn etter Normandie i Frankrike. Han blei folkesett av ei gruppe fangar som hadde flykta frå Djeveløya i Fransk Guiana. Ein av dei, Henri Charrière, blei kjend for boka Papillon om desse opplevingane. Medan Charrière forlét øya etter 4-5 år, blei andre flyktningar verande permanent i busettinga. Kommunen Normandia (Municipio de Normandia) blei formelt skipa i juli 1982 av land skild ut frå delstatshovudstaden Boa Vista.[3][4][5]

Økologisk ligg Normandia i ei randsone mellom to økoregionar - den tropiske regnskogen i Amazonas og dei savanneaktige grasslettene cerrado. Overgangsområdet er lokalt kjend som lavrado. Lavradoen er relativt tørr samanlikna med regnskogsområdet, med eit årleg regnfall på mellom 1100 og 1400 cm.[1][2][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Normandia -- RR» (på portugisisk). Brasil Channel. 2013. Henta 27. juli 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Normandia» (på portugisisk). Brasilia, Brazil: IBGE. 2014. Henta 27. juli 2014. 
  3. «History» (på portugisisk). Brasilia, Brazil: IBGE. 2014. Henta 27. juli 2014. 
  4. Hollanda, Eduardo (22 Sep 2013). «A verdadeira história de Papillon». ISTOÉ (på portugisisk) (São Paulo: Editora Três). Arkivert frå originalen 21. januar 2015. Henta 31 Aug 2014. 
  5. Leonardi, Victor (2000). Fronteiras amazônicas do Brasil : saúde e história social. São Paulo, SP Brasília, DF: Marco Zero Paralelo 15. s. 68. ISBN 9788527903134. 
  6. Campello Cordeiro, Renato (2014). «Palaeofires in Amazon: Interplay between land use change and palaeoclimatic events». Palaeogeography, Palaeoclimatology, Palaeoecology (Elsevier) 415: 137–151. doi:10.1016/j.palaeo.2014.07.020.