Rolf Kjøde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rolf Kjøde
Fødd 18. august 1959 (61 år)
Yrke teolog

Rolf Kjøde (fødd 18. august 1959) er ein norsk teolog, og var generalsekretær i Normisjon i åra 2003-2014. Han kom frå ei stilling som internasjonal leiar i same organisasjonen. Frå 2014 har han vore tilsett ved NLA Høgskolen.

Tidlegare har han jobba som rektor ved Lagets Bibel- og Evangeliseringssenter, Hald i Mandal kommune. Før det var han studentprest i Bergen, også då for Laget.