Norsk Bokmannslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Bokmannslag er ei forening for nynorskforfattarar. Foreninga vart stifta 11. mars 1910. Formålet var å fremje litteratur på landsmål. Første formann var Idar Handagard. Foreninga hadde ved stiftinga 41 medlemmer, og Sven Moren vart «skrivar».

Yrkesmållag[endre | endre wikiteksten]

Alt i 1899 hadde ein diskutert om ein skulle opprette eit mållag for lærarar, men dette vart avvist då mange meinte at det var betre om lærarane arbeidde for saka utan å lage eigne organisasjonar. I 1910 gjekk forfattarar som skreiv på nynorsk likevel inn for å stå saman for å fremje interessene sine, og dette inspirerte sidan folk i andre yrke til å gjere det same. Bladmannalaget var det neste som kom, det skjedde på årsstemnet for Noregs Ungdomslag i Skien i 1913. I 1916 kom lærarmållaget, og sidan kom mange mållag for ulike yrkesgrupper: Telegrafmållaget, Lensmanssmållaget, Norsk Prestemållag, mållag for tilsette i departement, postverket og jarnveg, så vel som mellom ordførarar, ingeniørar, apotekarar, legar og juristar.[1]

Norsk Bokmannslag kom i strid med Den norske forfatterforening, og regjeringa valde etterkvart ut tre representantar frå Norsk bokmannslag til Forfatterforeninga sitt litterære råd. Ein av desse var Sven Moren, som sat i rådet frå 1915 til 1928.[2] Etter dette vart medlemmene i Bokmannslaget også medlemmer i Den norske Forfatterforening.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]